Still Shaking - About Love

Då var det dags for blodfersk punkrock frå eit av Bergens mest solide punkeband, Still Shaking.

EPen heiter About Love, og kjærleik er sjølvsagt eit sentralt tema. Introlåta «Legacy», som også er blitt musikkvideo forresten, er ein knalltøff kjærleikserklæring til punken. Kort, fengande og med eit av dei betre punkerefrenga eg har høyrt. Det er i alle fall ingen tvil om at desse karane elskar det dei driv med. «We will carry on forever, never let it die, never let it fade away!» KNUS! Det kan også seiast at refrenget og slutten på "About Love" er utruleg tøft, og det er absolutt noko NOFX kunne kome med. 

Det er nok ikkje mykje på denne EPen som slår tidlegare låtar som «B.D.I.Y», «No Luck» og «Anxiety», men About Love er likevel eit godt punkemåltid du kan kasta deg over om du enten må kjøre deg opp eller kjøle deg ned, om du er mållaust forelska eller hatar nokon intenst. Så finn du sjølvsagt knallgode skatepunk riff, røff vokal. 

Favoritten min på plata er utan tvil «All Hearts», der Embla Jagdum frå Frk.Fryd diskar opp med ei knalltøff stemme, som eg gjerne skulle høyrt meir av. Samarbeidet mellom Embla og Stian er så bra på denne låta at eg får skikkeleg gåsehud. Eg vil ha meir!

About Love får 4/6 TRYNER!

Sjekk ut EP-en nedanfor!


Oh See Demons - Bite Off..

For ei stund sidan debuterte Bergensgruppa Oh See Demons med den lovande låta «If I?m Wrong (You Must Be Right)». No er det EP-tid.

Vokal, vokal, og meir vokal. Det var vokal som skilte klinten frå veten og gullet frå skiten for meg når eg høyrte debutlåta til denne gjengen. Utruleg feit vokal, spesielt på refrenget! Ei stemme som alltid er på grensa til å gå over frå fine, rolege punkeland og inn den betydeleg meir brutale hardcoreverda.

«Question The Answer» er ei låt som moshar og bryt seg over den grensa, med akkurat den vokalen eg hadde håpa på, spesielt i slutten. Gull verdt! I tillegg får du servert nokre heseblesande brøl i nokre av dei andre låtane også, men det skulle vore så mykje meir enn det. Så må det også seiast at det finst ein heil haug med solid riffing på denne EPen, det er jo knall.

Men det er ikkje mykje anna på Bite Off.. som gir meg forferdeleg mykje. Av 5 låtar er det kun 2 som skil seg skikkeleg ut, og eg hadde nok håpa på meir. Dei andre låtane blir litt for «vanlege» om du skjønar, dei sklir litt inn i mengda. Men dei to sterkaste låtane er verkeleg sterke då, det er jo eit bra plaster på såret. Blir spennande å følgje utviklinga!

3/6 TRYNER!

Musikkvideopremiere // Arne Åsmund - Friday Night at the Whittingham

Då var det endeleg dags for den aller første musikkvideopremieren her på Evig Lyttar! Og kven betre å starta med enn den norske perla Arne Åsmund?

For ei stund sidan skreiv eg om den nyaste plata hans. Omtalen kan du lesa her: http://eviglyttar.blogg.no/1464719553_arne_smund__when_the_.html

Det som er så unikt med Arne Åsmund er kombinasjonen mellom eit litt "koseleg" lydbilde og groteske, mørke tekstar. Og tekstane er absolutt noko du bør få med deg, om du ikkje er skjenert!

Musikkvideoen som har premiere i dag er av låta "Friday Night at the Whittingham", ein av dei beste låtane på plata, etter mi meining. Sjølv har Arne Åsmund dette å seie om låta og videoen:

"Friday night at the Whittingham er jo en ganske søt historie om å bryte ut av hverdagens trygge monotoni og følge drømmene sine.  Musikkvideoen har jeg laget selv. Jeg skulle egentlig bruke påskeferien på å gjøre unna hele produksjonen, men jeg kom ikke helt i mål. Nå skal jeg snart holde en stor konsert på Skuret i Trondheim, så jeg tenkte det var greit å få den ferdig i den anledning. Arne Åsmunds låter handler ofte om karakterer med litt alternativ virkelighetsoppfatning, og denne låten er intet unntak. Jeg ville prøve å få frem hovedpersonens glede og entusiasme over å endelig være på tur mot frihet, samtidig som jeg ville vise de faktiske konsekvensene av handlingene han utfører. Jeg synes også at det er skikkelig artig å utsette søte karakterer for brutale skjebner."

Sjå videoen nedanfor!

Dissection - Nydeleg svartmetall frå botn av helvete

God kveld! På bussturen min heim frå Oslo i går fann eg ut at eg skulle gjenoppdaga eit av dei banda som betydde mykje for meg når eg var yngre, Dissection frå Sverige. Bandet og frontmann Jon Nödtveidt var med på å laga noko av den beste svartmetallen eg kan hugse, og det same gjeld i dag. 



Det er ingen tvil om at det er ein del spekulasjon angåande kva som dreiv vokalist, gitarist og frontmann Jon Nödtveidt inn i både mørke tankar og handlingar. Han var satanist, og sat i fengsel for ein del stygge greier. Men om ein ser vekk ifrå ideologien hans, og ser på musikken meir som ein kunst, er det ingen tvil om at Dissection er eit av dei musikalsk beste svartmetall-banda nokon sinne. Dessverre fekk bandet ein brå slutt i 2006, då Nödtveidt tok sitt eige liv. Men med ein vokal som godt kunne vore satan sjølv, infernalske gitarar og brennande riff, er det ingen tvil om at Dissection er eit av dei beste svartmetall-banda nokon sinne. 

Ein av låtane eg aldri blir lei av er "The Somberlain". Eg trur ikkje det finst eit betre eksempel på ei perfekt svartmetall-låt. Lydbildet er så iskaldt at det nesten blir for gale, men riffa har ein musikalsk varme i seg som gjer det heile betre. Dette er ein av dei tinga som gjer Dissection så unikt, skjønnar du - episke, vakre riff blanda med bekmørke tekstar om alt frå sorg til å tilbe guden Maha Kali. "The Somberlain" har eit spesielt parti som alltid gir meg rein gåsehud. Det startar rundt 2.25 og varar eit godt stykke uti. Fy FLATE for eit parti det er, eg kan høyra det i hjel utan å bli lei. Kombinasjonen mellom gitar og vokal er noko av det vakraste eg har høyrt. 

"God Of Forbidden Light" er endå eit eksempel på perfekt låtskriving. Uansett kva som ligg bak tekstane er det eit eventyr å høyra på. Soloen som kjem på slutten er eit sterkt pluss, og det er jo ingen tvil om at det var sterke musikarar i dette bandet. 

Det som også er så kult med Dissection er at dei ofte la inn eit instrumentalspor på platene sine, som "Crimson Towers" over her. Akustiske gitarar i skikkeleg Ulver (Bergtatt) stil. 

Siste låt eg vil dra fram er "Nights Blood", rett og slett fordi den er så utruleg sterk. Her får du alt frå skikkeleg grufull riffing, heseblesande vokal, og eit fantastisk akustisk parti omlag midt uti låta. Fengande som fy, og ei rein glede for både øyre og nakken. Det har aldri vore eit problem å headbanga til Dissection!

Uansett om du likar svartmetall eller ikkje tykkjer eg du bør sjekka dette ut. Det er ei reise gjennom hovudet til eit veldig mørkt og dystert sinn, det er heilt klart, men det er også utruleg sterkt og vakkert. Eg trur eg med handa på hjartet kan seie at Dissection kjem til å vere tidlaust så lenge det finst metall, og gitarar. Sjekk ut ei samling av låtar nedanfor!

Vederkast - Balladen om herr Fredrik Åkare och den söta fröken Cecilia Lind

Den 12. august feira ein av dei mest folkekjære låtane frå Cornelis Vreeswijk 50 år. Då bestemte den tromsøbaserte hardrockgruppa Vederkast at det ville vore kult å laga sin heilt eigen versjon av "Balladen om herr Fredrik Åkare och den söta fröken Cecilia Lind". Det gjorde dei jammen rett i!


Design: Marianne Saus

Eg har ikkje noko spesielt forhold til den svenske visesangaren Cornelis Vreeswijk, men eg har både sett filmen med Hank Von Helvete og opplevd at to klassekameratar sang denne låta som duett på folkehøgskulen - ei særs vakker og gåsehudframskapande oppleving. Det same gjeld med denne versjonen. Vederkast har gjort denne låta tilgjengeleg for eit større publikum - dei som likar metall og hardrock - og det er eg endå meir glad for enn eg trudde eg ville bli. 

Det er noko fantastisk stemningsfullt over denne versjonen. Fantastiske gitarar og ein råbra vokal blanda med sterke trommer gjer dette til ei musikalsk oppleving du absolutt bør få med deg, enten du likar låta frå før eller ikkje. Du får ikkje servert ein heseblesande skrikevokal her, men ei rein stemme med pur og intens kraft - og eit breidt spekter som strekk seg i nydeleg harmoni med resten av lydbildet. Eg likar originalen, men eg trur jaggu meg at eg likar denne betre. Dette er bra nært perfeksjon, på same tid som at lydbildet tek vare på metall-stemninga. Godt arbeid!

5/6 TRYNER!

Sjekk ut låta nedanfor:

RISE ABOVE - Sounds Of Liberation

Ingenting er betre enn å få tilsendt eit stykke musikalsk arbeid som, om eg hadde hatt hår, ville gitt meg bakoversveis. På ein god måte. RISE ABOVE er eit flunkande ferskt band som kjem med sin første EP den 31. august, men eg klarer ikkje venta med å hamra ned nokre velvalte ord om denne innsprøytinga av rein speleglede og kraft. 

For dei som las intervjuet mitt med denne gjengen for nokre dagar sidan vil eg tru det er heilt klart kva RISE ABOVE står for, og kva som driv dei. EPen Sounds Of Liberation er gjennomsyra av lidenskap, punkattitude, speleglede og talent. Med god hjelp frå Esteban Munoz (Tirades, Social Suicide) har dei skreke, spelt og hamra seg til ein knallsterk EP på omlag 8 minuttar som er både musikalsk, hardcore og godt produsert. Desse 8 minuttane er ikkje akkurat kjedelege heller, snarare tvert i mot. Ynskje om spontan moshpit, headbanding og allsang er nokre av bivirkningane du kan venta deg når du høyrer dette. 

Det er 4 låtar på denne EPen. "Tides" har du vel allereie høyrt. Fengjande hardcore med eit godt refreng som inviterer opp til allsang live. Gode gitarar, sterke trommer og eit godt lydbilde. "Avalanche" er den kortaste på plata, men også den mest aggressive. Kult! "Jaws" gir meg sterke assosiasjoner til Rage Against The Machine. Starten høyres litt ut som ei blanding mellom hardcore og hiphop, og det er både modig og tøft gjort. Men den soleklare favoritten min er nok "Liberation". Fy flate for ei låt. Fy flate for eit refreng. Fy flate for ein vokal! Vokalist Thomas Lindstrøm har ei fantastisk stemme som er lagd for denne typen musikk. Det er så rått og brutalt, men på same tid musikalsk å høyre på, om du skjønner. Eg diggar det. 

Eg spår ei lysande framtid for gutta i RISE ABOVESounds Of Liberation får 5/6 TRYNER!

SIBIIR - Bekmörke

Sidan EPen Swallow & Trap Them!/These Rats We Deny kom ut for ei god stund sidan har eg vore forferdeleg svolten på meir frå den brutale gruppa SIBIIR, og no har dei jaggu meg signert med plateselskapet Fysisk Format. Første smakebit frå den komande debutplata heiter "Bekmörke", og sparkar så hardt at bestemora di kjem til å kjenna det. 


Cover: Ole Nymoen

Forutanom eit knusefeitt cover som eg meiner gir eit utruleg godt bilde på musikken SIBIIR lagar, er låta utruleg godt laga. Akkurat passe skurr, akkurat tydeleg nok vokal, og knallfeite riff. Om eg skal beskriva kjensla eg får av å høyre på denne låta må det bli musikalsk vold. Eller fengjande spark i magen, nydeleg naseblod, du skjønar kva eg meiner. Riffa er iskalde, akkurat slik som namnet, og vokalen er så mykje betre på denne låta enn på dei førre, då den er mykje meir tilstades. Bra!

Det er ikkje verdas enklaste jobb å sjangerbestemma denne låta her, men det er svart, iskaldt og valdeleg. På ein god måte. Gledar meg til plata! Og eg ventar med å koma med noko tryneføring (karakter, til deg som ikkje forstod det) til plata er på plass. Du kan høyra "Bekmörke" nedanfor:

RISE ABOVE

Om det er eit band eg vil mine lesarar skal halda eit ekstra godt auge med framover må det bli RISE ABOVE. Då passar det bra å ta ein liten prat med gjengen sjølv, nærmare bestemt gjennom vokalist Thomas Lindstrøm sitt perspektiv. Hardcore-gruppa kjem med sin aller første EP den 31. august, og du kan allereie denne veka venta deg ein anmeldelse her på Evig Lyttar. 


(Foto: Isaac Smith)

Kven er er RISE ABOVE?
Vi er 5 gutter fra Aust- og Vest-Agder: Håkon Nygaard (19, gitar), Bendik Hildebrand (23, bass), tvillingene Roy & Cato Nystøl (25, gitar og trommer) og Thomas Lindstrøm (23, vokal). RISE ABOVE er et hardcore punk-band. Og jeg vet ikke om det var planen fra begynnelsen av, men det har i hvert fall blitt sånn: Vi er DIY. Ingen management, booking eller label. Det er vel kanskje en naturlig konsekvens av at alle i bandet har "the punk spirit" - vanskelig for autoriteter, regler, hat og maktfordelinga. Man trenger ikke lese mye mer enn et par linjer av tekstene på EP-en vår "Sounds of Liberation" for å skjønne hva det går i, og plateomslaget vårt gjør det vel ikke akkurat mer uklart, det heller.

Korleis kom de i gong?
Veldig tilfeldig. Jeg hadde sett en "Vokalist søkes"-post på Facebook da jeg flytta hjem fra Stockholm, men var ikke i nærheten av god nok til å spille i band. "Fast forward" et par måneder - jeg er i Bergen på BIFF (Bergens Internasjonale Filmfestival) og ser "20,000 Days on Earth", en dokumentar om Nick Cave, og ble såpass revet med at jeg svarte på søknaden på vei ut av kinosalen. De andre var faktisk på nippet til å legge prosjektet på is rett før de fikk meldinga. Jeg tror egentlig ingen av oss forventet at dette skulle gå så bra som det har gått, men nå sitter vi her med plate, og denne uka spiller vi på Øyafestivalen.

Korleis foregår låtskrivinga?
Som med mange andre, begynner det vel med et riff, og så vokser seg ut i fra det. Vi har testa en del forskjellige fremgangsmåter, men den mest ordentlige prosessen vi har hatt fant sted for et par uker siden på familiehytta til Roy og Cato. Der satt alle med hver sin gitar i hendene, var med fra starten, spilte med og kom med forslag til endringer helt til vi var fornøyde. Dette ble også, til nå, den tøffeste låta vi har laget, så dette kommer vi nok til å gjøre flere ganger. Når det kommer til tekster er jeg nøye på å unngå å "svare med samme mynt". Tekstene er ofte tilsvar på noe som skjer, så jeg prøver å teste dem mot noen av de samme kriteriene som jeg ville brukt mot et debattinnlegg. Dette går kanskje litt bort fra "the punk spirit", igjen, men jeg er sykt lei av tekster som legger seg på samme nivå som Dagbladets kommentarfelter. Jeg vil ha dybde, metaforer, gode poenger og tankevekkere, så da blir det naturlig nok en del av det.

Korleis var innspelingsprosessen på EPen?
Bendik pratet stadig om en eller annen "dude" oppe i Bergen som flere ganger hadde sagt at han ville spille oss inn, men vi var ikke "helt der enda", tenkte vi - helt til vi fikk innspillingsstøtte fra BandOrg. Til Bergen dro vi, og satt 7 kronologiske dager på omrent 14 timer hver hos Tinnitus Recording. "Duden", Esteban Munoz (Social Suicide, Tirades), viste seg å være "perfect match". Han visste akkurat hva vi var ute etter. Det var definitivt ikke en lett uke å komme seg gjennom, da, men det var mer enn verdt det for en så jævlig bra EP. Alle ble utfordra og tvunget ut av komfortsonene sine. Alle gitardelene måtte spilles med "downstrokes", og Esteban kunne høre om man ikke gjorde det. Håkon måtte til og med massere armen til Bendik mellom låtene så han skulle få ut melkesyra. Roy endret nesten helt måten han spilte gitar på. Jeg husker Cato sleit med å få til beaten på "Avalanche" - den aller kjappeste låta vår. Da han kom hjem, etter å ha spilt trommer 14 timer i studio, ble han sittende 4 timer med stikker på låret - gjennom natta. Lårene hans så ikke ut. Men dagen etter spilte han den inn på første forsøk. Jeg sleit veldig med å få til vokalrytmene, så Esteban måtte dirigere meg med hendene slik at jeg skulle treffe riktig. Alle kom seg ut av den uka som bedre og tightere musikere. Vi har også tatt med oss hjem et par fantastiske "one liners" fra Estebans kommentarer på utførelsen vår, som for eksempel "mer kraft", "en gang til" og "næsten". Jeg kjenner at det ikke er så lenge til at vi må tilbake dit igjen, for det er en av de gøyeste ukene jeg har hatt. Vi er sykt stolte over denne EP-en, og den hadde ikke blitt i nærheten av like bra uten Estebans hjelp.

Fortell litt om "Sounds of Liberation"
"Sounds of Liberation" er et "crash course" i hva RISE ABOVE er og hvor vi skal på 8 minutter. Det er hardcore punk med innslag fra black metal til hip hop. Det er en eksplosjon av energi, "catchy sing-along"-refreng og en solid dose "attitude". Tekstene er sterkt politiske, og speiles i plateomslaget, som er basert på bildet av tre år gamle Alan Kurdi som ble funnet livløs på en strand i Tyrkia. Men i stedet for den lille gutten, ligger en sentral politisk skikkelse. I utgangspunktet var ikke tekstene rettet mot denne personen i det hele tatt: Det er omtrent ett år siden vi var i studio. Men siden da har situasjonen eskalert i omfang, og vi står ovenfor et politisk valg som kan, og mest sannsynlig vil, få katastrofale følger for resten av verden. Og det er ingenting vi kan gjøre med det. Vi lever i en verden som liker å se på seg selv som demokratisk og inkluderende, men vi, resten av verden, har ingenting vi skulle sagt når verdens stormakt står ovenfor et valg mellom pest og kolera. Tekstene vi skrev for ett år siden resonnerte med de følelsene vi har i dag, og det er dette plateomslaget ble basert på. Tittelen, "Sounds of Liberation", er en "homage" til de kreftene som kjemper i mot.

Turnéplanar?
Vi holder på å planlegge en slippturné til Norges storbyer i September akkurat nå, så det er bare å holde utkikk etter navnet vårt. Vi kommer til å ta med oss et par gode venner også, så det blir en håndfull dritbra konserter! Ellers spiller vi selvfølgelig på Øyafestivalen fredag 12. august klokka 21:25!

Til slutt, kan gruppa putte saman ei speleliste på rundt 20 favorittlåtar til lesarane?

Hadde man konsentrert alle disse låtene på spillelista ned til én, hadde man nok fått noe som ikke er så ulikt oss. Dette er en god blanding låter vi har vokst opp med, og nye låter fra band som vi hører på i dag. Ladies and gentlemen: RISE ABOVE Mixtape:

Evig Lyttar takkar gutta i RISE ABOVE for tida, og gledar seg til å følgja dei vidare, noko du også bør. Du kan allereie no sjekke ut ei av låtane frå EPen, "Tides", nedanfor:

Swamp Things - Blue Desert, Red Skies

I dag er det fredag, og mange treng å koma i feststemning. Kva er vel då betre å høyra på enn knallfeite og grumsete riff, ein mandig vokal og skamlause soloar? Rockegruppa Swamp Things serverer nettopp dette og meir med plata Blue Desert, Red Skies.

Om eg skal beskrive denne plata med få ord må det bli følgjande: Øl, svette, vedhogging, villmark og skjegg. Masse skjegg. Eg blir oppriktig lei meg for at skjegget mitt er borte akkurat no. Men musikken gir meg heller lyst til å sloss med bjørnar enn å grina, for å sei det mildt. Og med denne plata på øyrene trur eg jaggu at eg hadde vunne. Det er noko grenselaust mandig over dette! Helsetrøye og flanellskjorte over heile linja.

"Inside the Brazen Bull" gir eit godt bilde av kva eg rablar om over her. Gitarane er så skitne, og vokalen så stappfull av rein mann at det er vanskeleg å forklara. Riffa er heilt klart Stoner/Doom inspirert, og eg får ei sterk kjensle av Barbarian Fist, noko som absolutt ikkje er feil. Det partiet som kjem på slutten av låta med soloane, trommene og orgelgreiene er utruleg feitt. Eg kunne godt ha bada i det lydbildet og kome ut med meir musklar på andre sida, slik som Obelix og den magiske drikken han bada i. Sterke saker!

Ein merker kjapt at Swamp Things har god kontroll på lydbildet sitt. Ting ligg akkurat der dei skal i miksen, og ingenting blir vekke i ein saus av gitarar, trommer og vokal. Godt arbeid. Det er heller ikkje feil med knusefengande riff, slik som i "One Foot Electric" og "Red Skies". Eg likar spesielt godt samarbeidet mellom gitar og orgel når det først oppstår. Det blir eit musikalsk klimaks ein ikkje vil gå glipp av. Så likar eg godt miksen mellom dei rolege og "snillare" delane og dei litt meir hardbarka delane i låta "Blue Desert". Unikt. 

Kontrollert og skamlaus gitarføring er ein stor del av denne plata, saman med sterk tromming. Men vokalisten kan også smykka seg med å vere høgt på lista. Utruleg bra vokal med både skriking og skitten synging. Eit ganske breidt spekter av mannestemme, utan tvil.

For meg kom denne plata på heilt riktig tidspunkt, og det er etter mi meining eit sterkt bidrag til musikk-Noreg! Derfor gir eg Blue Desert, Red Skies 5/6 TRYNER!

Kva tykkjer du? Sjekk ut nedanfor:

Svensktoppen

Evig Lyttar handlar som de veit mykje om norsk undergrunnsmusikk, men den siste tida har eg fått heilt dilla på svensk musikk. Eg snakkar ikkje om Carola eller ABBA, men om grupper som blant anna Masshysteri, Hurula, Vånna Inget og INVSN. Det er noko utruleg digg over mykje av musikken desse rocka svenskane lagar, og eg kjenner eit sterkt behov for å kasta meg på flyet til vår søta bror for å gå på konsert.

Den aller beste plata frå Sverige fins ikkje lenger på Spotify dessverre, men takk og lov for Youtube. Ei av dei råaste låtane eg veit om kan du nyta nedanfor:

Masshysteri fins ikkje lengre, men istaden kan du hiva deg over soloprosjektet til vokalisten, Hurula. Litt lettare, men like fullt stemningsfull musikk. For ikkje lenge sidan kom gruppa med denne kraftige singelen: 

Eg trur det er kombinasjonen av gitarspeling og den råe vokalen som gjer det heile så bra. Lydbildet er så skittent som eit askebeger og vokalen har ein sound som passar som ein iskald øl i handa på sommaren med resten av instrumenta. Knallfeitt! Eg anbefalar på det sterkaste å sjekke ut resten av Hurula også, om du likar låta over. Dette er skikkelege saker som eg trur passar i dei fleste settingar. 

Så går det ikkje an å nevna bra musikk frå Sverige utan å ta turen innom gruppa Vånna Inget og låta "Vi har begränsat med tid från vårt riktiga liv". Spennande tittel, men låta er endå betre. Basslinjene på denne låta, spesielt i refrenget, gir meg gåsehud kvar einaste gong. Det same med vokalen. Så er det jo sabla fengande då, ikkje sant? Sjekk ut låta nedanfor:

Før du får ei speleliste stappfull av svenske perler vil eg gjerne nemne eit band til. INVSN har den unike eigenskapen å laga noko som til tider kan verke repeterande, men er utruleg vakkert likevel, som med låta "#61". Denne låta er ikkje fullstappa av ting som skjer, men det er heilt greit. For det dei har laga her er perfekt akkurat som det er. Repetarande riff, den fantastiske oppbygginga, dei to nydelege vokalane og den subtile og deilige synthen som ligg i botn. Alt klaffar. 

Eg må berre nemna eit siste band, ok? Sista Sekunden. Såg desse for nokre år sidan, og bildet av vokalisten er framleis friskt i minnet. Eksentrisk fyr! Eg anbefalar å sjekka ut dei også. Tøff punk. 

Om du kunne tenkja deg å stupa inn i fleire liknande låter har eg laga ei lita speleliste med dei aller beste låtane frå desse gruppene, pluss litt til. Kos deg!

Descendents - Hypercaffium Spazzinate

Descendents er eit band eg har hatt eit godt forhold til i nokre år no, og med den rykande ferske plata "Hypercaffium Spazzinate" har forholdet blitt endå sterkare, og punkaren i meg kunne ikkje vore meir gira. Eg føler meg som ein slags Belieber. 12 år har gått sidan forrige plate. 12 år!! Kor er Descendents-capsen min, for svarte!!



For det første har det nyleg blitt klart at frontmannen i Descendents, Milo Aukerman, endeleg skal vie heile tida si til musikken. Tidlegare har han bytta mellom forsking og musikk, men no er det 100% fokus på Descendents, noko eg er særs takksam for. 

For det andre er dette ei monsterplate. 16 låtar (Deluxe-plata inneheld 21) og det er etter mi meining den aller aller beste plata desse karane har kome med. Den karakteristiske bassen ligg og triksar i bakgrunnen som aldri før, riffa er så fengande at eg spyr, den galne tromminga er betre enn nokon gong, og vokalen kunne ikkje vore meir perfekt. I tillegg strekk tekstane seg over fleire tema. Frå den noko barnslege og Descendents-typiske "No Fat Burger" til den alvorlege og litt triste låta "Smile" (som forøvrig inneheld eit av dei mest gåsehudframskapande avslutningane eg nokon sinne har høyrt) har gruppa eit utruleg breidt spekter av innhold. Ser du, punk er ikkje berre skriking og rølp! (Føler eg har sagt det før, men Descendents slår dette utsagnet fast ein gong for alle, med den feitaste spikaren og den tyngste hammaren nokon sinne).  

Det er ein heil haug gode låtar på denne plata. "Comeback Kid" er så fengande og feit at den klatrar meir og meir oppover lista mi, "Victim Of Me" (den første singelen frå plata) har lenge vore ein favoritt, "Without Love" er ei vakker låt med eit viktig bodskap, og "Feel This" er ei knallsterk opningslåt på plata. "Limiter" er ei gjennomsyra punkelåt på ein måte kun desse karane klarar. Feit bass!!!

Descendents er Descendents meir enn nokon gong. Dette er eit kraftfullt comeback, eg blir heilt ør i hovudet. 

Hypercaffium Spazzinate får 5/6 TRYNER!

Kva tykkjer du om plata? Sjekk den ut nedanfor:

Bukta 2016

(Alle bilder nedanfor er teke av Evig Lyttar)

Det finst ikkje eit fnugg av tvil om at Buktafestivalen stiller med ein heilt rå lineup i år. I går starta kalaset, og det kunne eigentleg ikkje ha starta betre. Det var litt skurr i ølkøen, og mobildataen sleit i periodar, men slike ting blir berre bagatellar i forhold til resten. Fiskeburgeren, ølet og musikken var ein kombinasjon som ikkje kjem til å gå i gløymeboka. I tillegg hadde me været med oss, og det ser ut som at det blir både solskin og fest i dag også. Knas! Litt øydelagt i både kropp og sjel akkurat no, men det kjem seg utover dagen. Reparasjonspils anyone?

Publikum kosar seg på konsert

 

Det som var så rått for meg i går var at eg skulle ta mine eigne konsertbilder for første gong. Og kven er vel betre å starta med enn monstergruppa Kvelertak? Ein meir dedikert gjeng skal du leita lenge etter. Spytt, øl, svette, nakkesleng og halsbrann var noko ein måtte rekne med, iallefall om ein ville vere med på leiken heilt framme med resten av dei galne blodfansa. 

Men før Kvelertak var det duka for Sigøynarpunk. Gogol Bordello såg eg sist for nokre år sidan. Utruleg morsomt band som spelar mykje på humor og sirkusvibber. Her er det kostymer, dansing, og alle moglege instrumentar ein kan tenkje seg. Lydbildet dei serverte oss fiskeburgaretande, øldrikkande og festivalglade menneske var ikkje berre sterkt, men også utruleg bra. Bra start på årets festival! Dei beste låtane var "Undestructable" og "Start Wearing Purple", rett og slett fordi begge inviterte til både allsang, dansing og rein skjær lyttarglede. I tillegg må det seiast at dei heldt det gåande konstant i 1-2 timar (eg hugsar ikkje kor lenge dei dreiv på, men pause tok dei iallefall ikkje som eg såg). Eg lurer på om dei dreg energien sin frå ein form for sigøynarmagi? Liv!

 

Øl i kveldssola

 

Sist eg såg Kvelertak var på Sentrum Scene før dei kom ut med Nattesferd, og då måtte eg sitte langt oppe rett og slett fordi eg kom for seint. Mildt sagt litt kjipt å sitte på ein slik konsert, men det var bra uansett. I går bestemte eg meg for å ta igjen for tapt svette og nakkesleng, så etter å ha teke ein haug med bilder på dei to første låtane kasta eg kameraet mitt til kona mi og heiv meg fremst. Eg trur eigentleg det er den beste konserten eg har vore på med dette monsteret av eit band. Energien, stemninga, lyden. Alt klaffa eigentleg ganske bra, og setlista var full av både nyare og eldre låtar, men eg må innrømma at eg har høyrt så mykje på Nattesferd i det siste at eg faktisk hadde problem med å skrika med på nokre av dei gamle. Uansett var heile konserten strålande frå start til slutt.

 

Vokalist Erlend Hjelvik med den nyaste versjonen av uglemaska

 

Det er ingen tvil om at Kvelertak kosar seg med å spele dei nyaste låtane live. "Dendrofil For Yggdrasil""1985" og ikkje minst "Heksebrann" er skreddarsydd for å spelast på konsert. Sistnemnte har blitt litt slik som "The Decline" av NOFX for meg. "Heksebrann" er ein soleklar favoritt frå plata! Live skapar den låta ein magi som blir vanskeleg å slå, og eg byrjar å riste i heile kroppen berre av å sjå tilbake på det. Unnskyld språket, men fy faen for eit meisterverk, for ein musikalsk orgasme! Og for eit fabelaktig refreng, som alle kan synge med på. Fantastisk. 

 

f.v: Kjetil Gjermundrød, Marvin Nygaard

 

Ein blir sliten av å stå der framme i kaoset av armar, hyling og sprutande svette, men på same tid er det ei sann glede å vere med på. Vokalist Erlend Hjelvik fann vegen ned til fansen på eit tidspunkt, og klatra rett opp på skuldrane til underteikna før han kasta seg uti ein crowdsurf. Trur det er det kulaste augeblikket på ein konsert eg har vore med på, forutanom når eg presterte å kysse Kristopher Schau på halsen, eit kyss som ikkje akkurat var velkomen hjå Schau. Gjort er gjort, uansett. 

 

Vidar Landa
f.v: Erlend Hjelvik, Maciek Ofstad
Bjarte Lund Rolland
Kvelertak stod ikkje akkurat i ro!
Bra liv i publikum også
Hårete frontmann!

 

For det første var det utruleg kjekt å ta mine eigne bilder. For det andre kunne eg ikkje ha starta på eit betre tidspunkt! Bukta og Kvelertak var ein uslåeleg kombinasjon! Om du vil sjå fleire bilder kan du gjere det på Evig Lyttar si facebook-side! Der legg eg ut eit galleri så snart som mogleg. 

Til slutt er det ynskjeleg å nemna legenden sjølv, Iggy Pop. Mannen er 69 år gamal, men har energien til ein 20-åring. Første gongen eg har sett han live, og mange seier at det blir den siste, men fy flate så glad eg er for å ha fått det med meg. Han spelte utruleg mange knallgode klassikarar! Eg klikka litt når han starta på "Nightclubbing" frå The Idiot, ei av mine favorittplater. Og så må det jo seiast at "I Wanna Be Your Dog" og "Search And Destroy" fekk håra til å reise seg i nakken min. Tøft! Eg fekk dessverre ikkje teke nokre bilder av Iggy, då ølnivået nådde nye høgder, og eg ville eigentleg berre nyta konserten. 

 

Evig Lyttar på Bukta

 

Det er framleis to dagar igjen av festivalen, og det kan godt hende eg tek fleire bilder og skriv nokre linjer til, så følg med vidare!

Yngre Dagar

I går kom eg over eit band eg ikkje har høyrt på nærmare 8 år. Vikingmetalbandet Ensiferum hadde eg mykje gøy med når eg var yngre, ikkje fordi det var fantastisk musikk, men fordi det rett og slett var med på å forme meg som både person og musikkelskar. Etter litt mimring blei eg sittande å leita fram alle dei andre banda eg høyrte på når eg var yngre, og det blei jaggu meg nærmare 60 låtar til slutt. Litt i overkant kanskje, men eg blei særs ivrig, det skal seiast.


Evig Lyttar med hår! (Foto: Knut Utler)

Sjangrane på denne spelelista strekk seg frå grusom svartmetall til lett pop-punk, så det er berre å stupa i det, om du vil bli litt kjent med den 10-12 år yngre versjonen av Evig Lyttar. Mykje gøy her, men kvaliteten er ikkje alltid på topp i desse låtane, det skal seiast. Mykje sært. 

Sectarian Love og Kalifornia på Garage 1. juli

I går skulle eg og kona mi ha ein liten farvelfest på Garage, då me på mandag vender nasen nordover. Utrulig kjekk kveld, og den blei endå kjekkare når me plutseleg fann ut at Sectarian Love og Kalifornia skulle dra i gang eit show i kjellaren. Det var så bra at eg rett og slett lyt nemna det her.


Bilde lånt frå eventen på Facebook

For dei som ikkje veit kven desse gruppene er, har eg allereie skreve omtale av begge to frå før. Dei kan de lesa her:

http://eviglyttar.blogg.no/1455748456_sectarian_love__hosti.html

http://eviglyttar.blogg.no/1464949642_kalifornia__thecoast.html

Det er heilt klart at desse to gruppene har mykje å by på på kvar sin kant, frå det steinharde til det litt seigare, så det var mykje for alle denne kvelden. 

Eg kom ned trappa til konserten rett etter at Kalifornia hadde drege i gong settet sitt. Det første som slo meg er at live-versjonen av denne gjengen slår debut EPen langt nedi støvlane. Fy flate for ei stemning! Gitararbeidet frå tvillingane var perfekt, og det er heilt klart at dei er i besittelse av eit godt talent. Soloane sat akkurat slik dei skulle. Så får dei sjølvsagt ein pluss i margen for å spela cover av The Stooges - "I wanna be your dog".  Kalifornia har ikkje funne opp rocken på nytt, men dei har eit nærvær på scena dei fleste bør få med seg. Spent på kva dei gjer vidare.

Sectarian Love er eit band eg har hatt lyst til å få med meg lenge, så det passa jo perfekt at dei skulle spele rett før eg flytta. Det første som skjer på scena er at vokalist Sondre Haug plutseleg står der i ei sjukehusskjorte og girar seg sjølv opp til konserten. Performance-art anyone? Det er noko ganske majestetisk over denne vokalisten, han er ein født frontmann. Snakk om å gå inn i si eiga verd! Ikkje berre lever han seg inn i musikken, men han bruker heile kroppen til å uttrykka seg på ein slik måte at ein blir bergtatt. Blod i panna og på hendene, oppå forsterkarar og nede på golvet. Han var over alt. Eg skulle ta opp telefonen og notere litt til denne omtalen, men det gløymte eg. Ein blir berre ståande å sjå på, litt sånn som eg kan tenkja meg folk stod når Ian Curtis og Joy Division fyrte laus på 70-80-talet. Ikkje ofte ein opplever slike frontmenn i dag! I tillegg til sjølve framføringa var vokalen heilt fantastisk. Haug har ei stemme som eg trur kan skryta på seg å vere i toppen av norsk skrikevokal, utan tvil. Mektige saker. 

Ellers er det sjukt kor bra lydbilde ein kan få med kun ein gitar, trommer og vokal. Det høyrtes ut som at det stod fire stykk på scena, når det i realiteten berre var tre. Nydeleg gitarspeling frå Bjarte Haugland. Eg trur at Sectarian Love er eit band ein skal følgje ekstra godt med på framover, det kan koma mykje bra derifrå! Spennande. 

Eg tykte dette var ei knakande god avslutning på tida mi i Bergen, utan tvil. 

boy pablo - Beach House

Regnar det der du er, eller kosar du deg i sola? Uansett diskar boy pablo opp med ei knakande kjekk sommarlåt. Len deg tilbake og nyt musikkvideoen til "Beach House" her:


 

Lidenskapeleg seglar og heilhjarta bassist

Remi Arefjord frå Bergen har mange sider: Tatovert, hardbarka punkar med kraftvokal, knallharde tekstar og sterke bassfingrar. Han er og ein lidenskapleg seglar og eventyrar, som har kryssa Atlanterhavet, og ein ekstremt hyggeleg fyr, med gode historier, sterke meiningar og brennande interesse for norsk undergrunnsmusikk.


Foto: Evig Lyttar (Remi og hunden hans, Winston)

Starta i ung alder

Arefjord var tidleg ute som musikar, og i motsetnad til mange andre som vel bassen fordi dei ikkje heilt klarar å meistre gitaren, var han ein heilhjarta bassist frå starten av.

- Det begynte med at eg fikk meg en bass når eg var 13 år. Då lærte eg meg de fire punkegrepene, og startet et band sammen med noen barndomsvenner eg vokste opp med når eg ble 15 tror eg. Det første bandet eg spilte i het Dischord. Veldig sånn rockeband, inspirert av Gluecifer, Hellacopters og Turbonegro. Typisk Skandirock! Ingen av oss var gode til å spille, så vi ble enige om at vi aldri kom til å bli noe stort band. Men det vi satset på var å bli et fett oppvarmingsband! Når vi spilte litt dårlig så var det lett for et større band å gå på etter oss.

Frå Social Suicide til Tirades

I dag speler Arefjord blant anna i det noko lunde ferske bandet Tirades som i 2015 kom med debutplata si "A Lifetime Of Wars". Men vegen dit har vore alt anna enn kjedeleg. Før den tid var han med i det godt etablerte hardcorebandet Social Suicide, som naut god suksess rundt om i verda. Men eit ynskje om å starta eit skikkeleg skittent punkeband oppstod etter at turneane med Social Suicide minska, og bandet før Tirades, Fight!, blei født.

- Fight! startet vel egentlig som en idé i baksetet på Hiakken på en Social Suicide turné, når meg og Esteban skjønte at vi ikkje kom til å turnere så mye med det bandet lengre. Vi fant ut at vi ville starte et band ved siden av som vi kunne reise litt med. Då hadde vi spilt i flere år med et apparat rundt oss, med management, booking og hele pakken. Fight! Skulle vere mer et punkeband der vi bare gjorde alt sjøl og spilte så kjapt vi kunne og gjorde det vi ville. Så kom det til et punkt der vi satte oss ned og diskuterte om vi skulle gjøre noe mer ut av Fight! eller om vi bare skulle legge det ned, for det skulle egentlig aldri være et hovedprosjekt.

Det skulle visa seg at karane var for glade i å spele saman til at dei kunne legge bandet på is, så ei atterføding stod for tur.

- Det ble til slutt bestemt at vi skulle satse litt mer på det. Da ble det egentlig litt naturlig å tenke litt mer over ting vi gjorde og legge litt mer inn i låtskrivingen, og ta oss sjøl litt mer på alvor, slik at de som hørte på også skulle gjøre det. Det var då vi bestemte oss for å skifte navn, men vi i bandet sier jo alltid at Fight! og Tirades er to forskjellige band. Musikkmessig er det iallfall helt annerledes, hele pakken ble noe helt annet enn Fight!. Når det ble bestemt at vi skulle spille inn plate med Tirades så laget vi låtene i en litt annen retning enn i Fight!. I tillegg fikk vi med oss en produsent! Det var et steg i en litt mer voksen retning kan du si.

Men låtskrivarprossessen i Tirades er omlag den same som i Fight!, seier Arefjord.

- Eg og Esteban skriver vel omtrent halvparten av tekstene hver. Esteban er den som skriver mesteparten av riffene, så lager vi låtene sammen på øving. En ting vi har tatt med oss fra Fight! er den mentaliteten at ingenting er for teit til å teste i en låtskriverprosess. Dette har gjort at låter har blitt annerledes enn det vi egentlig hadde tenkt, fordi vi har turt å prøve på ting som vi kanskje i utgangspunktet har tenkt er teite ideer eller unødvendig å prøve, noe som har ført til at låten har tatt en annen retning, men til det bedre!


Foto: Tirades (f.v: Mathias Simonsen, Remi Arefjord, Markus Den Ouden og Esteban Munoz)

Låtskrivaren

Det er mange låtar frå debutplata som har festa seg i hovudet til Evig Lyttar, men den soleklare favoritten er "Reach Victory". Den har Arefjord skreve, så då var det ikkje så vanskeleg å gå litt djupare inn i kva låta handla om.

- Når eg skriver tekster begynner eg alltid med å sette meg ned for å finne noe som engasjerer meg eller noe som skaper følelser i meg. Som regel skriver eg jo om ting eg mener ikkje er sånn som det skal være, en slags kritikk mot ting i samfunnet som eg reagerer på og som eg mener bør gjøres noe med. "Reach Victory" skrev eg vel i en periode der eg drev på med å planlegge turen min over Atlanteren. Eg synst min generasjon har blitt litt sofagriser som nøyer seg med enn spennende serie på tv-en. Det er nok spenning i hverdagen og i livet. Folk er jo forskjellige, og det er ikkje alle som har behov for å seile over Atlanteren i en pitteliten seilbåt, men låten er en oppfordring til å utforske seg sjøl litt, pushe seg sjøl litt. Bestemme seg for noe og faktisk gjennomføre det! Kjenn litt på ka du egentlig har lyst til å gjere med livet ditt og gjennomfør det om det er noe du brenner for.

For dei som ikkje heilt veit kva ordet Tirades betyr, kan Arefjord forklara at det handlar om ein slags kjenslemessig utblåsning, gjerne av noko ein reagerer på negativt eller noko som ein meiner ikkje er slik det skal vere, noko som absolutt stemmer med blant anna låtar som "Reach Victory".

- Når du setter på en Tiradesplate så får du servert tekstmessige tirader om ting vi reagerer på og kritiserer.

Med slike djupe og sterke tekstar blir det naturleg å lure litt på kva som inspirerer låtskrivaren.

- Det er mye forskjellig. I det siste så har eg hørt mye på Trash Talk. Eg synst de har et veldig energisk uttrykk som eg blir skikkeleg giret av å høre på, og som gir meg inspirasjon til å prøve å skape ein tilsvarende energi. Tekstmessig skriver de også mye fett. Ellers kan eg høre på Hip Hop når eg skal skrive tekster. Code Orange er et nytt Deathwish band som eg synst gjør mye fett, og de har vært et friskt pust i den musikken eg har hørt på så lenge eg kan huske.

Bass eller ikkje bass?

I Social Suicide spelte Arefjord bass i tillegg til å kora. I Fight! la han frå seg bassen og tok eit godt grep om mikrofonen som frontmann, der han var kjent for å både henga frå taket og kasta seg inn i publikum. No, i Tirades, såg han seg nøydt til å ta opp att bassen, men mikrofonen er også på plass. Når eg spør han om han saknar å kunne kasta seg rundt på scena utan eit ekstra instrument, er svaret klinkande klart:

- Det var en diskusjon vi hadde når eg plukket opp igjen bassen, fordi vi tenkte at vi kanskje kom til å miste en spesiell type energi når eg var mer bundet til bassen og foran mikrofonen. Vi hadde mange forskjellige bassister og step-in bassister i Fight!, men vi fant egentlig aldri en bassist som hadde tid eller som kledde bandet. Eg foreslo veldig lenge at eg bare kunne ta bassen og være vokalist uten at de andre helt gikk med på det, nettopp fordi de ville beholde den energien med å ha en vokalist kun med mikrofonen. Men når vi begynte å øve sammen med bass og begynte å spille litt gigs der eg plukket opp igjen bassen ble vi enige om at det funket veldig bra, så vi bare gikk for det. For meg er det veldig kjekt å plukke opp igjen bassen, det er jo en bassist eg er, og eg trives veldig godt med å vere både det og vokkis. Klart, du taper litt energi når du ikkje har en vokalist som henger og dingler fra taket, men du kan like gjerne skape energi fra scenen om det står tre stykk i front med to gitarer og en bass. 


Foto: Tuva Villa

Segling i blodet

Det er ingen tvil om at segling er ein viktig del av livet til denne karen, noko som kjem sterkt fram når han fortel om lidenskapen og kjærleiken til det å være på havet.

- Det begynte ganske tidlig, for eg har en onkel som har holdt på med seiling siden før eg ble født. Han var veldig flink til å ta meg med på turer når eg var liten. Så ble eg såpass gammal at det var andre ting enn seiling med min onkel som ble spennende, og det gikk flere år der eg ikkje var på sjøen i det hele tatt. Men når Social Suicide kuttet veldig ned på turneringen fant eg ut at eg måtte ha noe å gjøre på når eg ble gående hjemme mye mer enn det eg var vant til. Då endte eg opp med å kjøpe en sliten seilbåt sammen med en kamerat, som egentlig er ganske lik meg. En person som drømmer stort og er veldig bestemt på å gjennomføre det han bestemmer seg for. Vi hadde en felles drøm om å krysse Atlanteren, og fire år etter at vi kjøpte båten skjedde det. Mathias fra Tirades var med som mannskap. 

Det er heller ingen tvil om at det er vanskeleg å fortelje om kjenslene som oppstod i det desse karane hadde oppnådd målet sitt.

- Det går nesten ikkje an å beskrive med ord. For å si det sånn, ca 80% av alle samtalene vi hadde over Atlanteren var sånn "Å shit, no gjør vi det. No har vi reist fra alt og alle, og vi er helt aleine med flygefisken" liksom. Det er ikkje en historie eller en følelse det går an å gjenskape med mindre du har vært der sjøl. 

Når ein tenkjer på segling kan ein umogleg unngå å kome inn på tanken av å strande på ei øde øy. Då passar det seg å spørje om fem plater Arefjord absolutt tenkjer måtte vore med.

- Kjempevanskelig spørsmål! Då tenker eg at man må velge fem plater man tror man ikkje blir lei med det første. Da må det bli fem plater som har fulgt meg lenge og som eg forstatt hører på. Rancid - And Out Come The Wolves, The Bronx - II, Converge - You Fail Me, Dr. Dre - 2001 er vel de fire første. Den siste platen, då snakker eg litt av erfaring, for det var en plate som betydde mye på Atlanterhavskryssen. Å sette den på og tenke hjem på Bergen, det skapte mye følelser i meg. Det er faktisk Jan Eggum - Bare Eggum. Den ville eg hatt med meg til litt mer vemodige dager der hjemlengselen tok et grep rundt hjertet! Så vil eg gjerne lure med meg NOFX - The Decline i tillegg siden det strengt tatt ikke er en plate. 

Interessa for norsk undergrunnsmusikk står sterkt

I tillegg til å ha vore ein del av det norske undergrunnsmiljøet sjølv i lang tid, har Arefjord eit godt forhold til resten av Noreg.

- Eg har alltid vært glad i norsk musikk og hørt mye på norske band. Musikkmiljøet i Norge er veldig bra, og det er jo i stadig utvikling. Det er nye band som popper opp over alt, så det er et veldig spennende marked for undergrunnsmusikk i Norge, og i Bergen ikkje minst. Meg og Esteban driver jo plateselskapet Fight! Records, der får vi inn mye bra. Vi har nylig sluppet en EP for et band som heter Kalifornia, og eg er veldig spent på kass vei det bandet tar, og kor det ender opp. Ellers har du jo band som The Good The Bad & The Zugly som eg synst er dødsfett, og som gjør det bra for Østlandet. Ondt Blod fra Nord-Norge har jo gjort det veldig bra i det siste, og eg gleder meg veldig over deres suksess. Ondt Blod og Die A Legend fra Nord synst eg er veldig bra band.

Sidan frontmannen i Tirades har nokre år bak seg i miljøet, tykkjer Evig Lyttar det er lurt å spørje om nokre velvalte tips til nye band som ynskjer å starta opp.

- Det beste tipset eg har er vel å ikkje starte et band for å bli stor. Ikkje fokuser på suksess. De bandene som alltid skal utvikle seg i takt med det som er populært akkurat her og no blir stort sett avslørt. Det er lett å lese band som alltid prøver å følge det som er populært. Bare knus på, lag den musikken som du sjøl synes er fett, og ikkje tenk for mye på kor du vil at bandet ditt skal havne. Det er ofte sånne type band som ender opp med å få ting til. Det skaper en helt spesiell energi i musikken når du skriver for din egen del. Følg lidenskapen!


Foto: Evig Lyttar

Framtida

Remi Arefjord og Tirades har mange ballar i lufta for tida. Blant anna har dei starta å spele inn ein EP som dei skal sleppe til hausten.

- Eg har gledet meg veldig til å gjøre det ferdig, eg tror det blir bra! På debutplaten til Tirades hadde vi liksom med vokalisten i Comeback Kid som produsent, og vi gjorde ting veldig ordentlig. Vi la det vi kunne ned i det for at det skulle bli en så bra produksjon som mulig. Denne EPen har litt mer punkesjel i seg. Vi har gjort alt sjøl, og Esteban skal mikse det sjøl. Ingen produsenter. Vi har bare knust på med det vi syns er fett. Det blir en litt mer skitten og simpel utgivelse, men det er litt meningen også. Det er ikkje så spennende å slippe like og tilsvarende ting etter hverandre liksom! Vi vil på en måte heller lage litt kontrast til det debutplaten var. I tillegg har vi noen planer om singler og 7-tommere over nyttår som blir veldig spennende. Så satser vi jo på at det blir turné når vi slipper EPen!

Jau, det er heilt klart ei spanande tid framover for Tirades, og eg takkar Remi Arefjord så mykje for tida, men og for at han er ein skikkeleg bra kar!

Nedanfor kan du sjekka ut spelelista Remi sat saman i høve intervjuet. Kos deg!

Blikk som kunne ha senka Titanic og ca 400 kg satanisme

I samband med Apollon platebar sin 40-årsfeiring for nokre veker sidan skulle Brekkjern, punkebandet med medlemmar frå blant anna Sandnes og Stavanger, opptre med ein heil bråte andre band den 26. mai i år. Det synet som møtte meg på scena gløymer eg ikkje med det første. 4 karar med litt ekstra rundt magen som stod og fyrte av låt etter låt som berre sparka meir og meir. Rått og brutalt! I tillegg gjekk iallefall dei tre i fronten med 7 Fjell Bryggeri t-skjorter, noko som også var litt spesielt. Sjølvsagt blei eg nyskjerrig! Eg har aldri sett denne gjengen før, så inntrykket blei endå sterkare. 


Foto: Jan Erik Hagen (frå venstre:Martin, Kato, Robin og Håkon)

For dei som ikkje veit kven Brekkjern er kan det seiast at bandet blei født seint på nyttårsafta 2010. Håkon Bogsnes og Robin Hansen hadde tatt seg nokre øl og snakka om at det ikkje fantes eit skikkeleg punkeband som ga faen i alt og alle. Etter ei lang stund i stillheit kom Robin på namnet Brekkjern

Etter konsertane på Apollon kom eg i snakk med vokalist Kato Austrått og bassist Martin Elmgren, og plutseleg sat eg på bakrommet av Apollon med ein øl for mykje i handa og to av Brekkjerns medlemmar foran meg. Det blei klart at dette er karar med sterke meiningar, og at dei så absolutt har stort fokus på å spele punk som knuser trynet ditt. Etter mykje prating om sponsing av bryggeri, ros av kvarandre og ikkje minst gode ord om Apollon som ein viktig institusjon og frisone for likesinna, var det klart for nokre spørsmål. 

Korleis kom de med i Brekkjern?

Kato: Grunnen til at eg blei med i Brekkjern var fordi eg tilfeldigvis var på samme fest som Håkon og Robin. Dei snakka om eit punkeband dei hadde starta, og at dei trengte ein vokalist, så eg sa at eg godt kunne prøva meg om dei ville det. Etter det var eg med å hylte på ei øving! Etter det blei eg med som fast vokalist. Eg kjente ikkje desse to karane så godt frå før, men meg og Håkon hadde ein felles venn trur eg. 

Martin: Eg fekk spørsmål om eg visste om eit band som kunne varme opp for Toxic Holocaust på Garage 3-4 dagar før konserten. Eg var på jobb og Håkon, som speler gitar satt i baren. Eg spurte om forslag, og då sa han Brekkjern. I det Brekkjern fekk klarsignal til å spele oppvarminga sa Håkon at eg måtte spele bass, fordi dei ikkje hadde bassist. Det skulle eigentleg berre bli ein eingangskonsert, men eg har blitt med vidare utan å vere eit fast medlem. Trur eg har spelt 6-7 konsertar med Brekkjern på 7 månader!


Foto: Jan Erik Hagen

Kan de beskriva musikken?

Kato: Sjangermessig er det ein god blanding av punk, crust, hardcore og thrash. Men i bunn og grunn handlar Brekkjern egentlig om at det ikkje fantes eit skikkeleg punkband i Stavanger, så me var rett og slett nødt til å starte eit. Ca 400 kg satanisme og "gi faen" attitude! Bandet handlar om å provosere så mykje me kan.

Martin: Men ikkje politisk! 

Kato: Nei, me er så upolitisk korrekt som mogleg. Å dra inn politikk i Brekkjern skjer ikkje. Eg er nok den mest upolitiske karen du nokon gong kjem til å møte! Tekstane handlar om alt frå at religion i grunn er drit til noko så enkelt som fylleangst. 

Mange vil vel kanskje tenkje at tekstar som omhandlar religion negativt er litt tabu?

Kato: Såklart! Men då vil eg heller legge vekt på at me ikkje er eit politisk band eller eit religiøst band. Me tar 15 km avstand fra alt sånt. Me kan vel eigentleg seie at me er anti alt! Det einaste skikkelege standpunktet me har er at religion generelt berre fører til krig og død. Målet er uansett å provosere på ein humoristisk måte, med eit blink i auge! Gi faen og ha det kult. Gjer det du har lyst til. 

Ein ting eg la spesielt godt merke til med konserten var deg, Kato. Istaden for å være med i publikum stod du stødig som eit isfjell og ga publikum blikk som kunne drepe. Kva er greia?

Kato: Blikket mitt kunne ha senka Titanic! Haha! Det kom veldig spontant då, eg var alt for full til å kunne kaste meg rundt, så då blei det heller til at eg prøvde å sjå forbanna og hatefull ut. Det var faktisk første gong eg har brukt eit mikrofonstativ live, så eg var ganske ukomfortabel i byrjinga, men etterkvart såg eg at det fungerte å hata ting, så det gjekk heilt greit. Det kjem til å bli meir sånn på framtidige konsertar! Me lever for hat.

Eg merka også basslyden din, Martin. Kan du fortelle litt om den?

Martin: Den er ganske enkel eigentleg. Eg brukar Fender Precision og ein Gretch Hollowbody Electromanic (Apollon Orange), så kjører eg det gjennom ein tuner, Behringer ds-1 distortion, og så tl ein Big Muff  for litt boost og meir crispy lyd. Deretter avsluttar eg det i Markbass ampen med eit ampeg kabinett. Om eg skal beskrive lyden med nokre ord må det bli høgt, punk og trommehinnedrepar!  


Foto: Jan Erik Hagen

For meg er det ganske klart at Brekkjern i større grad er eit DIY (do it yourself) band. Kan de snakka litt rundt det?

Kato: Låtane våre finst iallefall ikkje på Spotify. Om ein vil høre det må ein inn på bandcampen vår! Alt som ligger der har blitt spelt inn på forskjellige plassar. Første demoen (Brekkjern!) er spelt inn i studioet til ein kompis som heiter Kristoffer Grude. Jævlig bra kar! Me betalte kun ein kasse øl for den innspelinga. Den neste (Hate Alt) inneheld to låter. Den eine er ein GG Allin Cover som me spelte inn på garasjeloftet til Robin, mens den andre er ein instrumental som blei spelt inn i kjellaren til Håkon. Den siste utgivelsen som ligger på bandcamp heiter B.K.T.D (Brekkjern Knuse Tryne Ditt), og er i mine auge det beste me har gjort.Rett fram punk, og ikkje minst nærmare "gjennomførte" låter enn før. Alt er spelt inn i det gamle øvingslokalet til Agenda, utenom koring, litt vokal og diverse backingvokal som er spelt inn på garasjeloftet til Robin. Eg hugser veldig godt når me skulle spele inn siste del av vokalen til denne plata. Håkon var i Bergen, mens meg og Robin hang på garasjeloftet. Me drakk ein haug med øl og starta innspelinga. Før me var ferdig var eg ganske så full og berre gaula noko. Dette blei med på innspelinga! 

Kva er planane vidare for Brekkjern?

Til sommaren skal me forhåpentlegvis til Kristoffer igjen for å spele inn noko nytt. Mykje kjappare, meir brutalt og mykje meir "gi faen" attitude!

Hjarteleg takk for praten!

Skulle berre mangla!

Sjekk ut Brekkjern sin bandcamp her

NOFX - The Decline

Er du vaken? Då passar denne låta godt. Omlag 18 minuttar med rein, skjær og deilig punkrock. Magisk!

KitFai - Down

I dag kom den Oslobaserte rockegruppa KitFai ut med ein ny singel, "Down".

Gruppa slapp sin første EP i 2015. Grip inneheld nokre unike rockelåtar som skil seg godt ut i mengda, og det same kan vel eigentleg seiast om den nyaste singelen som kom ut tidlegare i dag.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg får heftige Aha - "Take On me" vibber av introen på denne låta, noko eg tykkjer er ganske kult. Introen går kjapt over i nokre feite riff og ein fin, subtil synth som harmoniserer perfekt med ein endå finare vokal. Bodil Kvangarsnes har ei utruleg vakker stemme, og ho klarar å både vere rocka og sår på same tid, noko som gjer at vokalen passar ganske godt med resten av lydbildet KitFai serverer.

Det finst ikkje tvil om at denne gruppa veit å gjere låtane sine fengande. "Down" er eit godt eksempel, med sterke riff og eit kult refreng. Eg trur dette blir ei bra sommarlåt for dei som likar rock, kva seier du?

Sjekk ut og døm sjølv nedanfor!

Evig Lyttar gir "Down" 4/6 TRYNER!

Liongeist - Old Traumas // New Tremors

Post-rock gruppa Liongeist frå Oslo kom ut med sin første EP i 2015, men det er jo aldri for seint å skrive om noko, så eg fyrer laus!

Det første eg merkar med denne Old Traumas // New Tremors er stemninga. Låta "Miserable And Scared To Change" har noko storslått over seg. Etter ein noko roleg intro får me høyre eit riff som samarbeider ellevilt godt med bassen i botn. Episke saker. Det tek endå meir av når den raspete og beinharde vokalen kjem inn. Innlevelsen er det ingen ting å seie på iallefall! 

Denne stemninga går eigentleg igjen i heile EPen. Liongeist har teke valget om å lage fengande og episk musikk, noko dei gjer lurt i. Vokalen høyres mykje betre ut blanda med alt det andre som skjer i lydbildet. Eg likar spesielt godt riffinga på denne EPen. Eit eksempel er eit lite stykke uti låta "Broken Abandoned Things". Tøffe saker, og eg tykkjer koringa på den låta set prikken over i-en. "Sjaldan Er Ein Báran Stök" er ein fin pause frå det litt hardare, sjølv om gitaren er så trist at ein nesten blir litt nedstemt. Betyr ikkje tittelen noko liknande som "ei ulykke kjem sjeldan aleine" eller noko liknande? Iallefall passar den tolkninga ganske godt til det noko miserable lydbildet. 

Siste låt på plata, "Old Traumas, New Tremors", fungerer godt som ei avslutning, og minnar meg litt om Architects eigentleg. Likar den gitaren som ligg og hyler i bakgrunnen. Så er det jo ganske kult at bassen ligg så langt framme! Avslutninga på låta er også ganske kult, forutanom det litt unødvendige bråket heilt på slutten.

Alt i alt er dette eit solid stykke musikk. Likar du episke, lange riff  som gir deg frysningar og ein vokal som gir deg vondt i halsen er dette noko for deg. 

Old Traumas // New Tremors får 4/6 TRYNER!

Mayflower Madame - Observed in a Dream

Psychedelic/Postpunk/Postrock/Shoegaze gruppa frå Oslo, Mayflower Madame, kom ut med plata Observed in a Dream i april i år.

Det er klart at det er mange sjangrar å ta frå her. Gruppa beskriv musikken sin som ein kloning av Velvet Underground, Bauhaus og The Black Angels, tre grupper som ikkje akkurat er småfisk i det store sjangerhavet.

Det første som slår meg er at namnet på plata kunne ikkje vore meir riktig. Mykje av dette gir meg kjensla av å vere i ein draum. Starten på låta ?Confusion Hill? kunne godt vore med i filmen "Fear And Loathing In las Vegas"! Eg får lyst til å springe rundt på bærtur som ein hovudlaus kylling saman med Johnny Depp. Det er noko ørkengreier over det heile. I tillegg er jo tittelen særs passande til det å vere litt på bærtur, ikkje sant?

Vokalen på denne plata har eg litt blanda kjensler om. På den eine sida har du ei mørk, litt Ian Curtis aktig (Joy Division) og mystisk vokal som fangar deg, men det er ikkje alltid like lett å høyre kva vokalist Trond Fagernes syng. Kanskje er det meininga, men nokre gonger blir det litt mumlete og svakt. Uansett fungerer kombinasjonen mellom vokalen og den litt cowboystøvete gitaren ofte ganske bra. Låta "Upside Down (the death loop)" hadde vore så mykje betre om vokalen ikkje låg heilt bak i lydbildet! Her har dei stemninga og alt anna på plass. Kul gitar! 

"Weightless" og "Self-Seer" trur eg er dei kulaste låtane på plata. Knallbra stemning på begge som ein kan leve seg rett inn i. I tillegg er desse to dei mest unike på plata, etter mi meining, og du får høyre det beste frå alle instrumenta, inkludert vokalen.

Det er ei gjennomgåande stemning på denne plata. Støvete ørkenrock med ein god dose psykedelika og eit draumande, seigt lydbilde. Dette funker bra, men kan og opplevast litt kjedeleg og repeterande til tider, iallefall for meg. Sjekk ut og døm sjølv!

Eg gir Observed in a Dream 3/6 TRYNER!

Norske favorittar!

Kalifornia - #TheCoast

Askvollbaserte Kalifornia slapp for ei tid stund sidan sin debut EP #TheCoast.

Når du har eit band som heiter Kalifornia og ein EP som heiter #TheCoast, forventar du kanskje musikk full av rolege sommarvibber, hashtags og palmesus. Men når bandet har blitt signert av den bergenske punkrocklabelen Fight! Records er det jo heilt klart at dette ikkje er faktum. Denne EPen er beint fram hardtslåande rock. 

Frå første riff kan ein garantert høyre litt hardcoreinspirasjon. Eg forventa eigentleg skrikevokal, men istaden får du servert ein ganske rå reinvokal som seiger seg gjennom låtane saman med gitarane. "Nightcalls" er på mange måtar den kulaste låta på EPen, mest fordi den er så seig. Riffet i starten kunne vore med på tidleg Mayhem! Koringa i slutten er også ganske kul, og passar ypperleg med bandnamnet. 

"L.O.V" er som tatt rett frå Turbonegros Apocalypse Dudes. Greit nok, det er ein litt røffare versjon, men eg veit ikkje om eg skal kjefte på Kalifornia for herming eller om eg skal rosa dei fordi dei klarar å laga same stemning som det legendariske deathpunkbandet. Det høyres verkeleg ut som at Euroboy har teke seg av gitarane her. Soloen, riffa, alt drypper av Turbo.  Kul låt er det uansett. Det er klare referansar til Turbonegro i tredje og siste låt også, "Year Of the Bull", men ikkje like sterkt som den førre. Stemningsfull intro og kult refreng. 

Den beste låta på denne EPen er heilt klart den første, rett og slett fordi den er mest unik. Dei to andre har eg på mange måtar høyrt før. Eg vil ikkje sei at dette er total herming, men det er heller ikkje noko nytt. Kalifornia har heilt klart kontroll på instrumenta sine, så det er ingenting i vegen for at dei kan bli råare og meir unike neste gong. Kule riff og bra vokal!

Eg gir #TheCoast 3/6 TRYNER!

Banaan - Side Quest One

Gruppa Banaan beskriv musikken sin som "synthprogtronica", og med sin nye EP Side Quest One er det iallefall klart at dette er ein sjanger frå ei verd full av både gladtonar, gitarar og spennande synthbruk.


Det første som slår meg med starten på denne EPen er at den godt kunne vore med i eit 2d-spel der ein liten gladlaks av ein figur hoppar etter blomster og sukkerspinn. Dette kjem spesielt godt fram i introen "Treasure" som glir smertefritt over i låta "Fruity", der du får servert eit riff som er så ellevilt oppstemt at eg får vondt i smilebandet. Denne energiske kombinasjonen mellom gitar og synth blir nesten som å gå på ein syretripp saman med bjørnen frå det blå huset, om nokon hugsar den barne-tv serien.  På same tid går låta veldig inn på humøret mitt. Det er vanskeleg å vere negativ og mørk når eg høyrer på dette, det er heilt klart. Det folk bør merke seg er at dette prosjektet er satt saman av folk frå blant anna Reptile Master og Die A Legend, to hardtslåande grupper frå nord som fokuserer på skrikevokal og bekmørke tonar, så dette er litt av ein kontrast.

Den glade stemninga på denne EP-en går igjen, og syntheksperimenteringa er på topp. I låta "Retardando" diskar Banaan opp med ein deilig synthsolo som om mogleg gjer smilebandet mitt endå breiare. Eg elskar Moog!

"Free The Slaves" kunne rett og slett vore med i filmen ?Tron?. Den låta sender oss frå ei verd full av sukkerspinn og solskin rett inn i ein futuristisk arena der du må kjempa med lasersverd for å overleve mens du spring rundt i ein signalgul tights. Dette er heilt klart den beste låta, synthen her gir meg magesug. Partiet som tar over rundt 2 minutt uti er det feitaste på heile EP-en! Badass.

"You Can´t Fly" gir meg berre lyst til å fly. Trur denne låta minnar meg meir om Pink Floyd enn noko anna, i alle fall til ein viss grad. Mot slutten eskalerer låta i ein god kombinasjon av trommer, synth og gitar.

Det er heilt klart at dette er spennande musikk. Ingen vokal, men det trengs eigentleg ikkje.  Likevel må eg seie at det beste på EPen ligg i dei to siste låtane. Dei to-tre første låtane er kule, men eg betre den litt mørkare delen av EPen.  

Eg gir Side Quest One 4/6 TRYNER!

Arne Åsmund - When The Circus Came To Town

Arne Åsmund kom ut med den nye plata When The Circus Came To Town i mai. Sjølv beskriv han prosjektet på følgjande måte: 

"When the Circus Came to Town" er enda et forsøk på å skape noe fint og positivt som folk kan bli glad i, men til tross for gode intensjoner ender også dette albumet opp som en mørk og ubehagelig utforskning av de korte avstandene mellom kjærlighet og hat, ømhet og brutalitet. Heldigvis høres det skikkelig koselig ut om man ikke følger så nøye med på teksten.



For det første er eg heilt einig i skildringa som er sitert over. Melodiane er hyggelege og ein blir sittande å nikke med hovudet og trampe med foten, mens om ein verkeleg høyrer etter handlar mange av tekstane om noko mørkt og kanskje litt forstyrrande. Men eg likar denne miksen ganske godt eg! Det er ein kunst i seg sjølv, er det ikkje? Å laga fengande og koselege tonar til mørke tekstar. 

Første låt heiter "Kerosene" og ein får med ein gong ein smak på kva plata handlar om. Dette er ei sterk låt å starta plata med, og også ein av mine favorittar. Kanskje er det klovnesminka på coveret eller tittelen på plata, men eg får ei sterk kjensle av ein musikalsk klovnetrubadur som reiser rundt og fengslar folk med musikken sin. "Kerosene" gir også eit innblikk i kva tekstane kan handla om. "Cover Me in Kerosene, I dont care anymore" er ein liten smakebit. Det er ikkje akkurat blomster og kosedyr det går i her. Uansett likar eg denne låta utruleg godt, mykje på grunn av instrumenta og melodien, men det er også noko over vokalen som fangar meg.

"Friday Night at the Whittingham" er endå ei låt som fengar skikkeleg. Her er sirkuskjensla sterk også, alt klaffar, og refrenget er eit av dei betre på plata. Det som også kjem klart fram her er at Arne Åsmund har full kontroll over instrumenta sine, og alt arbeidet som er gjort i studio kjem klart fram i lydbildet. Bassen ligg perfekt i bakgrunnen og ein kan skilje alt frå kvarandre utan problem. Dette er ingen suppe av instrumentar og lyd, men ein meny av ulike velsmakande lydar som er lagt saman på ein måte som minnar sterkt om perfeksjon.   

Gitarane på denne plata fungerer ypperleg, noko som kjem klart fram i låter som "You and Me" og "Marionette". Det er lenge sidan eg har høyrt eit så bra lydbilde som på denne plata at eg gliser så breidt at det gjer vondt i munnen. I tillegg til dei litt kjappare låtane får du også servert det eg vel å kalla ballader, i form av blant anna "Underneath the Earth" og "Come Home". Visst ikkje desse låtane gir deg frysningar langt nedover ryggen meiner eg at du er totalt kjenslelaus. Neidå, men seriøst, dette er nydeleg! Det er noko så sårt og ærleg over desse låtane at eg får rein og skjær ståpels. 

Eg ser for meg at denne plata passar perfekt foran ein knitrande peis på vinteren, men den fungerer også foran eit bål på stranda om sommaren. Tross dei mørke tekstane er dette eit sterkt stykke arbeid alle burde sjekke ut. Eg anbefalar deg å skru opp volumet, lene deg tilbake og høyre etter. 

For meg er denne plata så spesiell og etterlengta at eg lyt gi den full pott. 6/6 TRYNER!

Lüt - Skyt Mæ

For nokre veker sidan kom hardcorepunkgruppa Lüt ut med sin andre låt, "Skyt Mæ".

Det er heilt klart at denne gjengen har kome fram til ei oppskrift som fungerer for dei. Og i motsetnad til den førre låta, "Slepp Mæ Inn", som eg tykte mangla litt særeigenheit, er "Skyt Mæ" ei kraftbombe ein bør få med seg. Vokalen høyrest mykje betre ut her, gitarane sparkar deg rett i mellomgolvet og stemninga gir deg lyst til å kaste deg inn i nærmaste moshpit. Eg blir ikkje overraska om denne låta riv tak i publikum live, her er det både mogleg å dansa, sparka, hoppa, skrika og synga med. Eit bra refreng som byr publikum opp til dans slår ikkje feil! 

Vokalist Markus Danielsen Danjord beskriv Låta slik: 

"Skyt Mæ" er en straight up punkelåt med et klart tema om hykleriske samfunnssytere.

Ellers kan det også nemnast at Lüt skal spela på Slottsfjell til sommaren, då dei var ein av 15 grupper som blei plukka ut frå 300 Urørtband. Anbefalar at du dreg på deg denimvesten, tar på deg nokre gode sko og blir med på festen om du har moglegheit. 

"Skyt Mæ" får 4/6 TRYNER!

Going To Philly - Going To Philly

Link til GAFFA: http://gaffa.no/anmeldelse/106589/going-to-philly-going-to-philly​

Going To Philly frå Bergen imponerte stort med to knallgode singlar i fjor (Fireball og Bones). Med desse låtane beviste dei at det framleis var håp for gitarrocken, og at dei hadde både talent og guts nok til å klatra rett opp i toppsjiktet av norsk rock. No er dei endeleg klare med ein sjølvtitulert EP, og spørsmålet er då om dei framleis er på rett spor, eller om toget har gått i grøfta.


Det er ingen tvil om at Going To Philly veit korleis dei skal fenge folk. Her er det rett og slett vanskeleg å halde foten i ro. Første låt, Can't Get Much Higher startar forsiktig, men eskalerer kjapt og går inn i det Philly-gutta kan best; Råe refreng. Denne EP-en er stappfull av feit riffing og ein vokal som så absolutt har teke vare på mykje av attituden frå dei to første singlane.

Singelen Surf Green er endå eit eksempel på ei fengande låt, men den er også ein potensiell sommarhit. Kjensla av sol og iskald pils på stranda er så absolutt sterk her. Og det er berre ein ting som står i hovudet mitt når eg høyrer introen på nest siste låt The Queen, og det er det amerikanske punkrockbandet Social Distortion. Forvrenginga på gitaren og riffet skriker California og klassisk Social D. Kult! Ein får også bra med sommarkjensler her.

Den svakaste låta på EP-en må bli No Messiah. Eg får heftige U2-vibbar av ein eller anna grunn, litt sånn pompøs stadionrock. Det kan vere kult, men for meg fungerer det ikkje så godt her. Elles blir eg litt overvelda av all oh-inga på denne EP-en, sjølv om det er tøft på nokre av refrenga. ?Less is more?, er vel det eg vil fram til.

Vokalen skurrar også litt for meg nokre plassar. Jens Fredrik Solberg held på mykje av den rocka råskapen eg diggar han for, og han er så absolutt ein knallgod vokalist, men det blir litt for reint og pusete av og til.

Uansett meiner eg at Going To Philly framleis er på rett spor, og eg gleder meg til å følgje dei vidare!

4/6 TRYNER!

 

Kvelertak - Nattesferd

Då var det endeleg dags for flunkande ny plate frå gromgutane i Kvelertak


Artwork: Arik Roper

Det er ingen tvil om at Kvelertak har teke steget vidare med denne plata. Ny platekunstnar, nytt studio, nye omgivelsar. Omlag alt er spelt inn live utenom litt smågreier her og der, og dei har hatt større kontroll generelt. Alt tyder på at det ikkje blir meir av det same, men eit nytt, friskt og voksent Kvelertak som slepp plate på fredag.

Første låt på plata har den mest fantastiske tittelen eg nokon gong har kome over, men det er også ei kul åpningslåt i seg sjølv. "Dendrofil For Yggdrasil" er eit av mange knakande gode eksempel på denne plata som viser korleis Kvelertak puttar forskjellige sjangrar ned i ein bolle, rører alt om og kokar suppa opp til sin eigen unike, velsmakande oppskrift. Her finn du litt svartmetall, litt rock, ein dose heavy og ei klype punk. Eg likar også at gjengen eksperimenterer meir i låtane sine på denne plata, det gjer det heile meir spennande! 

"1985" var den første singelen frå den komande plata. Den fekk ros, men også ein god del ris frå fansen. Vokalist Erlend Hjelvik seier i eit intervju at låta er den minst representative for Nattesferd, men at det var kult med all reaksjonen, at låta ikkje kunne ignorerast (http://www.rollingstone.com/music/news/hear-kvelertak-fuse-black-metal-cock-rock-on-eclectic-new-album-20160510). Noko eg er ganske einig i. Uansett har "1985" vokst på meg, og sjølv om den er litt repeterande er det nokre kule vibber over den. "Berserkr" var singel nummer to, og eg hugsar at eg fekk lyst til å lage moshpit i køen på butikken når eg høyrde den første gongen. Fantastisk kraft i den låta, og veldig powermetal-aktig. Liker spesielt godt slutten, der 3 av medlemmane hyler kvar si linje av full hals.

"Nattesferd" er meir røff og grumsete, og harmoniseringa mellom gitarane i starten eskalerer vakkert ut i eit riff som gir meg ståpels, og bassen i seg sjølv er fantastisk her. Av ein eller anna grunn får eg litt "Mjød" vibber i starten, og det er jo ikkje feil? Det einaste som opplevast litt kleint er den koringa som plutseleg kjem inn uti låta. Overraskande og uventa. Men eg er sikker på at den låta der kjem til å spikre seg fast i hjernebarken til samtlege! Fengande som F.

Kvelertak har definitivt gått meir inn i heavy metal med denne plata, og det kjem endå klarare fram med "Svartmesse". Her er det kraftfulle riff som er greia, og refrenget på den låta er endå eit eksempel på noko du ikkje kjem til å gløyme. Nokon sinne.

Men Kvelertak køyrer litt gamal stil på denne plata også, gjennom låta "Bronsegud". Kjappare, røffare og litt meir punkete. Men likevel gir ikkje denne låta like sterkt inntrykk som dei andre, sjølv om den står greit på eigne bein. 

"Ondskapens Galakse" er ei vanskeleg låt å skriva om. Den er veldig episk og stor, og eg ser for meg at delar av den kunne blitt brukt som intro til ein scifi-serie eller noko, men ellers er den vanskeleg å beskrive. Storslagen spacerock med stemningsfulle partier og skrikevokal? Du får også servert nokre deilige instrumentaldelar på denne låta, men for nokon vil den kanskje opplevast litt repeterande.

"Heksebrann" er etter mi meining den mest stemningsfulle låta på plata, og eit prakteksempel på den litt meir eksperimenterande sida av Kvelertak. Den strekk seg ut i heile 9 minutt. 9 minutt du berre kan lena deg tilbake og nyta! Store delar er rein instrumental, og eg syns det funker. Riffet i starten går igjen i refrenget, og det må vere det mest fengande eg har høyrd! Episk og storslagen låt på alle måtar, og ei musikalsk reise alle burde oppleve.

"Nekrodamus" er den avsluttande låta på plata, og eg får litt folkelege kjensler her. Riffa "hoppar" litt meir her enn på dei andre låtane og eg får lyst til å dra på meg bunaden av ein eller anna grunn. Kan hende det berre er meg? Låta er litt kjedeleg i starten men tek seg godt opp rundt to minutt uti. Elles er det ein steintøff bass på denne låta, og eg likar godt den infernalske vokalen i slutten som tek heilt av. Eg er sikker på at Hjelvik mana fram eit eller anna skummelt der! 

For meg er denne plata ein rein fryd å høyre på. Kvelertak har ein autoritet og ein speleglede som er spesiell. Dei veit akkurat kva dei driv med sjølv om dei snur opp ned på lydbildet sitt, og den energien av å spele alt inn live smittar over både på plata og på lyttaren. Det er litt småpirk her og der, men alt i alt er dette eit monster som kjem til å snurre på mange platespelarar framover.

Dette er ein skikkeleg godtepose for musikkelskarar, og eg anbefalar at du tar deg eit stort jafs når du får sjansen. 

5/6 TRYNER!

 

Veislakt

I 2015 slapp punkebandet Veislakt sin første fullengdar "Litium Og Aent Smågodt", ei plate som inneheld ærlege tekstar, råe riff og ein original vokal som skil seg ut frå mengda.

Det er ein del gode låter på denne plata, men den beste er etter mi meining Skuddsår. Gitarane, vokalen og alt sit best her, og eg synst det er eit prakteksempel på ei skikkeleg gjennomført punkelåt. Andreplassen går til Sprenga Vekk Ei Bru, som inneheld det kulaste refrenget. 

Første gongen eg høyrde denne plata var det litt utfordrande å høyre på vokalen, fordi du aldri heilt veit kor du har den. Vokalist René Undem er litt over alt med stemma si, og det er ikkje alltid vokalen passer med resten, men er det ikkje eigentleg sånn det skal vere i punk då? Røft, tøft og usminka? Styrken på denne plata ligg garantert i blandinga mellom den kontrollerte riffinga og den usminka vokalen. God kombinasjon!

Uansett anbefalar eg deg å sjekke ut desse to låtane, og sjølvsagt resten av plata nedanfor:

Ellers kan det seiast at Veislakt nettopp har vore i studio og spelt inn sin andre fullengdar. René Undem lovar ei hardare og kjappare plate, men at den også vil vere i skikkeleg Veislakt-ånd. Følg med!

Nag - Fray

Nag er eit blodferskt band du bør vere obs på om du likar brutale riff, aggressiv vokal, kjappe trommer og ein god, svett moshpit. Gjengen beskriv sjølv musikken sin som "sumarhits frå helvete", noko eg er ganske så einig i! 

Dei kom med låta Soon for litt sidan, og no er det duka for ein ny. Den nyaste "sumarhiten frå helvete" heiter Fray, og i likheit med Soon gir den deg eit ganske bra bilde av kva det går ut på. Mykje attitude og "gi faen" mentalitet lyser sterkt gjennom her, og eg kan ikkje unngå å tenkje at dette kanskje kunne vore Darkthrone på speed! Det er iallefall like tøft!  

Det som er positivt med Nag er at dei, i motsetning til Darkthrone, definitivt spelar liveshows! Og etter låtane å døme blir det nok både sår hals, nakkesleng og andre eventuelle skadar etter fullført konsert med denne gjengen. Kraftfulle saker!

Følg linken nedanfor for å høyre både Fray og Soon:

http://naghardcore.bandcamp.com/album/nag​

Les mer i arkivet » August 2016 » Juli 2016 » Juni 2016
hits